Back to All Events

Gammelgården, Boda kyrkby

Konsert med Gjermund & Einar Olav Larsen - Tema "Hilmar Alexandersen"

Hilmar Alexandersen var frå Egge i Steinkjer kommune, Nord-Trøndelag. Han var fødd 22. november 1902 og døydde 28. april 1993.Hans glimrande felespell gjorde han til ein av dei største folkemusikarane i Norge og Norden på 1900-talet. Begge foreldra hans song og tralla slåttar som Hilmar høyrde i sin barndom. Tonearven frå foreldra er kjenneteikna ved bruken av reine naturtonar og den ekte speleglede og tonekjensle han viste i spelet sitt.Hilmar var sterkt forankra i det tradisjonelle, samtidig som han viste interesse og evner for det nyskapande og eksperimentelle. Dette galdt både i form og innhald, sjølve musikken så vel i solo som samspel. Hilmar skapte ny tradisjon med si sterke formidling. Han var både underhaldar, ein stor historieforteljar og spelemann, åleine eller i samspell med andre musikarar.Plateinnspelingane med P.A. Røstad og hans orkester er kjente og kjære for heile gammeldans-Noreg. Gjennom mange år var han fast bidragsyter til NRK sitt folkemusikkarkiv og til Folkemusikkhalvtimen. Med sin heilt spesielle tone har Hilmar for alltid skrive seg inn i norsk musikksoge.
Källa: www.steinkjerleksikonet.no

Entré 150kr
Arrangeras i samarbete med Kulturens Bildningsverksamhet


Earlier Event: July 3
Boda kyrkby
Later Event: July 4
Danielsgården, Bingsjö